Nekrolog: Edens Hage (1972-2009)
15. juni-09 starta Oslo kommune opp eit omfattande rehabiliteringsarbeid i Hammersborgtunnelen, som i følgje ymse tilsynsrapportar er i dårleg stand på grunn av innsig av vatn. Eit sentralt ledd i arbeidet er fjerninga av den måleriske utsmykkinga Edens Hage, laga av den norske kunstnaren Arne Lindaas i 1972. Den kommunale kulturetaten og Statens vegvesen, som koordinerer rehabiliteringsarbeidet, skal i fellesskap avgjera verkets lagnad når tunnelens tilstand er betre dokumentert.
Fjerning av Edens Hage (foto: Even Smith Wergeland, 24.06.09)
Dette arbeidet reiser fleire spørsmål som det er vel verdt å drøfta nærare. Då Edens Hage sto ferdig i 1972 var det meint som eit mellombels innslag i tunnelen. Verket skulle takast ned etter 3 år, men på grunn av den positive merksemda det fekk frå publikum og kommune blei det verande der (kjelde: Kulturetaten, Oslo kommune). Sidan har verket levd med tunnelens gradvise forvitring påført av biltrafikk, tagging og tidas nådelause tann. 2009-tilstanden er av ein slik nedsliten karakter at kunstnaren sjølv ynskjer verket fjerna.
Nærbilete syner merkbar slitasje i målinga (Foto: Ane Hjort Guttu, 2008)
For Docomomo og andre kulturminnevernarar er dette noko av eit dilemma. Instinktivt skulle ein gjerne ha verna verket, som er eit uhyre interessant kunstverk i det offentlege rom; eit arbeid som fungerer fint trass i det som ved første augekast kan sjå ut som lite takksame omgjevnader midt i hovudstadens trafikkmaskin. Edens Hage har kvalitetar i seg sjølv, kjenneteikna som det er av Lindaas sin teft for enkle, men verknadsfulle, former: monokrome, svartmåla figurar på kvit bakgrunn. Popart i uttrykk, hippie-aktig i innhald.
Men først og fremst fungerer verket ypparleg i sin kontekst. Motiva til Lindaas er vevd saman med ventilasjonsfilter, betongtekstur og andre innslag i tunnelen. Dette medverkar til at ein krevjande stad å laga kunst på har blitt snudd til noko spanande og visuelt forlokkande. Den til ei kvar tid vekslande graffitien, som diverre har vore med på å øydeleggja verket, har paradoksalt nok gjeve arbeidet eit stadig oppdatert urbant uttrykk. Som miljøutsmykking er Edens Hage difor eit godt døme på ideen om allkunstverket, som del av ein større plan og som moderne ikon i eit viktig område av Oslo sentrum.

Lyset og synsvinkelen avgjer fargespelet i Edens Hage (foto: ESW, 24.06.09)
Men bør ein setja det opp igjen etter rehabiliteringa? Ved å fjerna det for godt vil ein (endeleg) oppfylla den opphavlege intensjonen og kunstnaren sitt ynskje. Dessutan vil ein ta innover seg konsekvensen av at rehabiliteringa er eit autentisitetsbrot - å plassera Edens Hage tilbake i heilt andre omgjevnader vil endra opplevinga av det. Ei fjerning står også i tråd med kunstnaren sin profil: brukskunstnaren Lindaas har på fleire måtar opponert mot det evigvarande, monumentale norske veggmåleriet, eksemplifisert av dei norske freskomålarane i mellomkrigstida. Tek ein den temporære karakteren vekk frå verk som Edens Hage, forsvinn denne dimensjonen.
På den andre sida har verket definitivt vekse seg inn i byens kulturelle minne nettopp gjennom den kontinuerlege heimstaden i Hammersborgtunnelen. Det finst fleire vellykka døme på kunstverk med temporær intensjon som sidan har blitt permanente, slik som Antony Gormleys skulpturverk Another Place (1997), som etter ein lengre verdsturné landa på fast basis i Liverpool i fjor. Dette er ei side ved saka som bør takast på alvor. Lindaas er ein særs interessant og prislønna norsk kunstnar, så ein kan ikkje utan vidare forvalta Edens Hage ved hjelp av korttenkte løysingar. Dei med vedtaksmakt i denne saka bør tenkja seg godt om før det endelege valet fell.
Docomomo skal halda utviklinga under oppsyn og oppmodar alle lesarar om å koma med innspel og kommentarar.